Hopp til hovedinnhold
Skoddeskog i Namdalseid
Steinar Johansen
Andre nyheter

Statsbudsjettet: Statskog vidarefører arronderingssalet

Abf 181213 130422
Anne Berit Flo

I statsbudsjettet for 2016 opnar regjeringa for at Statskog kan utvide det pågåande arronderingssalet på om lag 600 000 dekar med om lag 150 000 dekar.

-Dette er i tråd med det styret foreslo for eigar, og ei god løysing for Statskog, seier styreleiar Gunnar Olofsson.

I statsbudsjettet legg regjeringa fram den vidare satsinga slik:

«Arronderingssalet, som er ein del av oppfølginga av Statskog SF sitt skogkjøp i 2010, jf. Prop. 11 S (2010–2011), kom i gang i 2011. Salet omfattar spreidde skogeigedommar på om lag 600 000 dekar som Statskog SF eigde før 2010, og skal etter planen vere gjennomført innan 2017. Det er så langt seld 146 eigedommar som til saman utgjer 264 303 dekar fordelt på 71 kommunar i 16 fylke. 70 pst. av eigedommane er selde til lokale kjøparar, mens 20 pst. er selde til kommunar og til Miljødirektoratet.

Regjeringa vil styrkje det private skogbruket ved å selje areal frå Statskog SF tilsvarande det Statskog SF har kjøpt dei siste åra, jf. Sundvolden-erklæringa. Som ei oppfølging av dette, vedtok det ekstraordinære føretaksmøtet i Statskog SF i oktober 2014 å utgreie ulike modellar for organisering og privatisering av Statskog SF si skogverksemd. Utgreiinga omfattar ei vidareføring og eventuelt også ei utviding av arronderingssalet. Utgreiigane skulle også kartleggje korleis allmentas tilgang og vilkår for jakt, fiske og friluftsliv kan påverkast av privatiseringa og korleis ein kan sikre at dette ikkje vlir dårlegare.

Statskog SF sin rapport frå utgreiinga blei lagt fram for ekstraordinært føretaksmøte i mars 2015, og er sidan offentleggjort.

Utreiinga frå Statskog SF konkluderte med at det kan vere fornuftig å auke arronderingssalet med 150 000 dekar utover det pågåande salet på om lag 600 000 dekar som blei sett i gang av regjeringa Stoltenberg i 2011. Dette vil bidra til å styrkje det private skogbruket og samstundes betre føretaket sin eigedomsstruktur. Styret i Statskog SF peikar på at ytterlegare privatisering kan gjerast ved å skipe eit eller fleire aksjeselskap som skal eige skog. Statskog SF vurderer at ein modell med eitt regionalt og to lokale skogselskap vil maksimere staten sine verdiar. Omsynet til jakt, fiske og friluftsliv i nye selskap kan sikrast ved å vedtektsfeste allmentas tilgang og vilkår, og ved at staten sidan held på ein kontrollerande eigardel. Utreiinga viser at skiping og privatisering av nye skogselskap reiser fleire problemstillingar, mellom anna knytt til den framtidige organiseringa og økonomien til Statskog SF.

På grunnlag av utgreiinga frå Statskog SF har regjeringa vedteke å vidareføre arronderingssalet på 600 000 dekar som starta i 2011 og å opne for at Statskog SF kan utvide dette salet med inntil 150 000 dekar der dette gir arronderingsgevinst for føretaket.»

Styreleiar Gunnar Olofsson seier dette er tydelige og gode signal frå eigar, som styret tar med seg i sitt vidare arbeid.

- Dette betyr at vi held fram med å konsentrere oss om vår kjerneverksemd innan skogbruk, eigedoms- og ressursutvikling, jakt og fiske, seier Olofsson.

Les mer om Statskog